fredag 3. juli 2009

Liri - Liri- Liriuni


I går fekk ungane ei skikkelig bløyte. Vi pakka sekken, silpanchoen, badeshortsen og lommepengane og reiste til Liriuni, ein god times køyretur i frå barneheimen. Liriuni ligg på meir eller mindre vulkansk grunn, og moroa i Liriuni stammar frå dei varme kjeldene som kjem ut i frå fjellet.
Der har nokre bolivianara med meir forretningsinnstinkt enn estetisk sans snekra eit artig bassengområde med varmt vatn med ein viss eim av svovel. Slikt kan lett få opp stemninga. Då var det kanskje heller ikkje så rart at Jesus som først nekta å hoppe uti brukte berre fem minutt på å ombestemme seg i finveret. Eller Marco Antonio som fann ut at kanskje var det ikkje så håplaust å lære seg å symje likevel. Dei fleste av oss plaska stort sett berre rundt og kosa oss i det varme vatnet. Hygiene let vi vera hygiene - slikt får ein tenke på når ein ligg heime i sitt eige badekar - ikkje når ein plaskar rundt med ca 40 ungar i eit lite basseng i fjella i Bolivia.


Vi har ikkje slengt rundt oss med for mykje skryt om mamá Teo enno på bloggen. I dette høvet passar det seg ekstra godt å fortelje om den nyyyydelege silpanchoen ho hadde stappa i sekken. Flatbanka kjøt, steikt egg, ris, steikt potet og ein salat av løk og tomat. Den dama kan lage mat!


Og for å vise at vi fulgte med i norsktimen på barneskulen: Og etterpå var alle einige om at det hadde vore ein fin tur.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar