fredag 3. april 2009

Boliviansk demokrati


Demokrati har vi alle lært om på skulen. (og ja, til alle dykk som har etterlyst nynorsk, hald dykk fast, for her kjem det alt på ein gong.)

Heime i Norge har vi alle gått på skulen som er prega av alle dei usemjer som demokratiet tillet. Bolivia er i beste tilfelle eit anarkistisk demokrati. Om vi i heile teke skal bruka omgrepet demokrati.

Demokratiets kjenneteikn nummer ein er deltaking. Her har Bolivia fleire problem. Det første som slår ein analfabet, er reklameplakatane langs vegen.(Eg reknar meg sjølv som analfabet i den grad at då eg kom kunne eg knapt eit kløyva ord spansk, og analfabetar finst det nok av på landsbygda her.) Felles for desse reklameplakatane er at dei viser berre nokre snasne jenter med europeisk utsjånad. Uansett kva det gjelder. Om kroppspresset er tydeleg i Noreg, er det endå verre her. Midt blandt bolivianarene lyser idealet om at du må vere kvit for å kome deg fram og å vere noko. Altså: Eit land der du som innfødd ikkje er god nok, og du vert det heller aldri før du tek ein Michael Jackson.

Heldigvis har den noværande regjeringa tatt til motmæle mot denne politikken, og på den elles så propagandistiske statskanalen, kan bolivianarene endeleg identifisere seg med nokre ideal. Så sjølv om presidenten og vennane alle vennane hans vil oversvemja verda med kokain, så får dei i alle høve gjort noko bra...

Så var det det med dei med makt då. Som nemnt i eit tidlegare innlegg er Bolivia prega av "everyone for himself". Då nokre naboar vart rana her, hadde dei ikkje noko håp om forsikring, og politiet?Dei kjenner antakeleg dei kriminelle og får prosentar for å halda seg unna. På begge sider av bordet må dei altså klare seg sjølv, og ta det dei får. Denne haldninga finn du også igjen når folk får meir makt enn kva ein vanleg politimann har. Nyleg forsvann fleire millionar frå vassverket i byen. Ingen veit kvar pengane tok vegen, og om vi får vite det, er det nok for seint. Då har pengane runne ut i havet i lag med vatnet som kom i regntida. Kanskje er dei investert i nokre byggeprosjekt ved utløpet av Amazonas?

Men så er det også eit og anna som fungerar. Nyleg sette skulesjefen i kommunen seg på bekbeina - friskulane skulle kneblast. (nokon som har høyrt noko lignande i Noreg den siste tida?) Den aktuelle skulen, støtta av Misjonssambandet og Norad, hadde ein avtale om ein slags dispensasjon frå ein femårsregel som staten har oppretta for å få lærarar til landsbygda. Denne ville den nye skulesjefen undergrave. Av ingen anna grunn enn personleg interesse. Dermed sa dette lure kvinnfolket at ho hadde ikkje signert nokon avtale med skulen, Jesus Maestro - som ungane her går på, derfor kunne den avtalen ryke og reise. Heilt til jungelen i Paraguay om så skulle være, her skulle lærarane som ikkje hadde tilstrekkelig fartstid ut - vekk- sjølv om dei hadde disp. Då erklærte foreldra krig - og no vert det vegsperring og anna herjing i Tiquipaya kommune, her kan det verta mykje god underhaldning for oss;)

Dei små einheitar fungerar ofte - og bra er det. Men slik må det også vere når resten fungerar i individualismen sitt teikn. Vonar at noko av det som me kan læra ungane her kan brukast til å skape eit litt meir rettferdig samfunn for resten også. Om ikkje anna, så lærer i alle fall vi mykje.

Hasta la vista - og takk til Ivar Aasen og Sylfest Lomheim. Språkdebatten tek vi ein anna dag når Quechua og Aymara skal til pers mot spansken. Be prepared!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar