tirsdag 9. juni 2009

Bryllup

Her om dagen vart me inviterte i bryllup til våre gamle vener. Vi kjenner dei i alle fall litt, så mykje kan vi driste oss til å seia etter å ha vore på leir med dei ei heil helg. Og same dagen som den nyinnkjøpte dressen var sendt heim, fekk vi invitisasjon til å koma i bryllup. Kor kjekt, tenkte vi. Og vi fekk heilt rett.

Vi kom til ei stivpynta og fin kyrkje, med behagelig lite plass til beina, men mykje fint å setta augene på. At vi kom altfor tidleg og bruda altfor seint, det får berre gå; kulturforskjellane har ofte ein tendens til å slå ut på klokka. Viinga var vakker og forståeleg, og etterpå var det fest.

Eit flott pynta festlokale ønskte oss velkommen; go mat, artige leikar og ein nordmann med peiling på konebering. Ei hake var det - det var utandørs, og vi var kledd for norsk sommar. Gjekk på ein smell der ja... Men Carlos og Charo la ikkje så mykje merke til kulda, dei hadde andre ting å tenke på, og gift vart dei.

1 kommentar: